Invitasjon til ope informasjonsmøte om bergingsaksjon for
elvemuslingen i Mjåtveitelva
Elvemuslingbestanden i Mjåtveitelva i Meland kommune er sterkt
utryddingstruga. Dei siste åra har bestanden hatt ei dramatisk utvikling og det
er no sannsynleg at det er mindre enn 10 individ att i vassdraget. Årsaka til
nedgangen er redusert vasskvalitet på grunn av næringstilførsle i tillegg til
jord- og steinpartiklar som legg seg på elvebotnen.
Meland
kommune har no starta eit arbeid med identifisere moglege ureiningskjelder, og
skal ut i frå dette gjennomføre tiltak for å redusere dei negative
påverknadene på vassdraget. Betring av vasskvaliteten vil også føre til betre
levekår for fiskebestanden i Mjåtveitelva, noko som også vil vere ein stor
fordel for elvemuslingen. Dette prosjektet vert gjort i nær dialog med
fylkesmannen.
Etter
drøftingar med andre fagpersonar med særleg kompetanse på elvemusling, vurderer
fylkesmannen at elvmuslingbestanden i Mjåtveitelva vil ha best sjanse til å
klare seg om ein samlar inn dei resterande individa no i denne kritiske
perioden, for så å setje dei ut att når tilstanden i vassdraget har blitt
leveleg. Medan muslingane er inne i nasjonale elvemuslinganlegget på Austevoll,
vil det også kunne avlast fram fleire individ slik at så mange muslingar som
mogleg kan setjast ut att. Såleis kan dette arbeidet vere siste sjanse for å
berga den trua elvemuslingbestanden i Mjåtveitelva. Rådgivende Biologer AS skal
koordinere innsamlinga av muslingane, medan professor Per Jakobsen ved
Universitetet i Bergen vil ha ansvaret for elvemuslingane når dei er i anlegget
på Austevoll.
For å
informere om planane ønskjer fylkesmannen og Meland kommune å invitere
grunneigarar, aktuelle lag, organisasjonar og andre aktørar til
informasjonsmøte.
Møte vert
halde i Meland Rådhus tysdag 12. juni kl 18.00.