Stort utslipp til Mjåtveitelven
– Det var skum i heile bekken og langt oppover trea. Det
såg heilt vilt ut!
Det seier Kjetil Tufte.
Han bur like ved den store fangdammen i Mjåtveit natur og
reinsepark og er ei av eldsjelene bak foreninga Mjåtveitelvens
venner. Laurdag kveld kom han heim
frå ferie.
– Det var i halv sju-sjutida på kvelden. Det var i skumringa. Eg
keik ut vindauga, som vender ned over mot reinseparken. Eg ser ikkje sjølve
dammen frå vindauga, men eg ser trea og dei var fulle av kvite dottar. I starten
skjønte eg ikkje heilt kva det var eg såg, seier Kjetil.
Han gjekk ut for å sjekka, og det var litt av eit syn som møtte
han.
– Heile dalen nedover langs Kvernhusbekken var full av skum.
Skummet fylte både dammen og bekken og låg langt utover i terrenget. Eg forstod
med ein gong at dette ikkje kunne vera naturleg. Det måtte vera ein eller annan
form for lekkasje, og det såg ut som det kom frå næringsparken, seier
Kjetil.
Han kasta seg på telefonen.
Varsla brannvernet
– Først prøvde eg vaktnummeret til teknisk etat i Meland kommune.
Men det var ingen som svarte der. Så ringte eg teknisk etat sitt vaktnummer i
Lindås. Heller ikkje der fekk eg kontakt med nokon. Då ringte eg brannvernet,
seier Kjetil, som sjølv var med og viste mannskapa frå Lindås og Meland brann og
redning rundt i området.
Brannsjef Karl Johannes Romarheim seier til Strilen at det var for
mykje skum til at dette kunne vera naturleg, sjølv om det av og til skummar frå
elvar og bekker når det regnar kraftig.
– Det var ikkje så mykje våre folk kunne gjera der og då, men me
fekk lagt ut lenser for å prøva å hindra at dette spreidde seg til Mjåtveitelva,
fortel Romarheim.
Han seier skummet må skuldast ein lekkasje, og at det ser ut som
det kjem frå næringsområdet.
– Me har ein dialog med politiet, og dei undersøkjer saka. Politiet
har vore på staden i dag, seier han.
Bekymra for muslingane
Strilen var også ein tur på staden søndag føremiddag. Sjølv om det
då hadde regna i mange timar, var skummet framleis godt synleg i Kvernhusbekken
og i dei to øvste fangdammane.
– Det er heilt forferdeleg. Tenk på all fisken nedover i
Mjåtveitelva og på muslingane som det vert jobba så hardt for å redda, sukkar
Frode Tufte fortvila.
Han er bror til Kjetil, og også brennande engasjert for livet i
vassdraget.
Då Strilen møtte Frode, hadde han med seg ein håv for å sjå om han
kunne finna daud fisk eller yngel i bekken. Medan han gjekk der og leita møtte
han på Trond Dale som var ute og lufta hunden Nero. Han kunne fortelja at han
såg skum i bekken alt i 17-tida laurdag.
– Eg var ute med hunden då også, og då var det skum over alt her.
Det er ingenting no, samanlikna med då, fortel han.
Det er ikkje første gong Frode og Kjetil Tufte vert møtte av eit
trist syn i Mjåtveit natur og reinsepark. I vår opplevde dei at ein boks med elvemusling som
var sett ut i Kvernhusbekken forsvann, og at skogsmaskiner hadde gjort det vanskeleg å ta seg fram på
turstien dei har merka.
– Det er fortvilande at dette skulle skje no, seier dei.
– Har funne kjelda
Søndag ettermiddag var både politiet og folk frå kommunen på plass
i næringsområdet.
– Me har i samarbeid med andre funne ut at skummet kjem frå ein
stad i nærleiken. Det er oppretta sak og no skal me sjekka ut om det er farleg
eller ikkje, seier lensmann Kjell-Idar Vangberg i Nordhordland
lensmannsdistrikt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Kommentar :