Løyve til undersøking og tilbakeføring av elvemusling i vassdrag i Hordaland 2019
Rådgivende Biologer AS Edvard Griegs vei 3 5059 BERGEN Att. Steinar Kålås
Løyve til undersøking og tilbakeføring av elvemusling i vassdrag i Hordaland 2019
Rådgivende Biologer AS v/Steinar Kålås får løyve til å handtere og tilbakeføre elvemusling i vassdrag i Hordaland i 2019. Løyvet er gjeve med heimel i § 1 i forskrift om fangst av elvemusling, § 2 i forskrift om utsetting av fisk og andre ferskvassorganismar og er vurdert etter naturmangfaldlova.
Vi viser til søknad av 23. april og tilleggsinformasjon til søknaden av 8. mai 2019.
Løyvet gjeld ut 2019 og på følgjande vilkår:
1. De kan handtere/måle elvemusling og gjennomføre inventering i vassdraga Haukåselva, Åreideelva, Skjelåna, Hopselva, Osvassdraget, Mjåtveitelva og Loneelva. 2. De kan tilbakeføre elvemusling frå kultiveringsanlegget på Austevoll til opphavselva Svenheimselva i Lonevassdraget. 3. De kan nytte Q-tips metoden for å samle inn DNA frå inntil 60 individ i kvar av elvane Skjelåna og Hopselva. 4. Utstyret skal desinfiserast før bruk i nytt vassdrag. 5. Data relevant for databasen Vannmiljø skal klargjerast for import innan 31. januar 2019. 6. Løyvet skal vera med under arbeidet.
Elvemuslingen er klassifisert som ein truga art. I Europa er over 95 % av alle førekomstane av elvemusling utrydda, og Norge har eit særleg forvaltingsansvar for arten. I Hordaland er det registrert 24 stammer av elvemusling. Av desse har vi berre to livskraftige stammer att, ni er utrydda og dei resterande kritisk truga. Kunnskapsgrunnlaget jf. naturmangfaldlova § 8 må reknast som godt.
Den samla belastninga på stammer av elvemusling i Hordaland er særs høg, men vi kan ikkje sjå at dette tiltaket vil vere ei tilleggsbelastning på stammene. Handteringa av elvemuslingane skal vera skånsam. Elvemuslingar vert målt, og i to vassdrag skal det i tillegg takast DNA-prøvar. DNA-prøvar vert tekne ved å føre ein Q-tips forsiktig inn i elvemuslingen for å sikre biologisk materiale. Elvemuslingen vil ikkje få skader av dette, og føre – var prinsippet vert difor tillagt liten vekt i denne saka.
Slik ser baby elevmuslingene ut den 20.05.19.5 stk som vokser godt og skal snart tilbakeføres i Mjåtveitelven .K
Side: 2/2
Handtering av musling, inkludert prøvetaking med Q-tips, er omfatta av «forskrift om fangst av elvemusling» og søknaden vert handsama etter denne forskrifta. Trass i at det i praktisk forstand ikkje er snakk om fangst eller innsamling. Jf. § 2 i forskrifta kan Fylkesmannen berre gje løyve til fangst der status for stamma er særs god. Med bakgrunn i at dette tiltaket ikkje vil skade eller ta livet av elvemusling, meiner vi dette vilkåret ikkje er relevant i denne saka.
Er det noko i vedtaket de vil klage på, kan de sende klage til Miljødirektoratet. Klagefristen er tre veker etter at dette brevet er motteken. Ei eventuell klage skal de sende via Fylkesmannen i Vestland.
Med helsing
John Anton Gladsø seniorrådgjevar
Gry Walle seniorrådgjevar
Dokumentet er elektronisk godkjent
Kopi til: Os kommune Postboks 84 5202 OS Vest politidistrikt Postboks 85 6901 FLORØ Bergen kommune Postboks 7700 5020 BERGEN Osterøy kommune Rådhuset 5282 LONEVÅG Samnanger kommune Tyssevegen 217 5650 TYSSE Bømlo kommune Leirdalen 1 5430 BREMNES SNO Miljødirektoratet Postboks 5672 Torgarden 7485 TRONDHEIM Meland kommune Postboks 79 5906 FREKHAU
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Kommentar :