AVLØPSSANERING I SÅRBAR NATUR.
Prosjektet vårt, pumpestasjonen
ved Mjåtveitelva, er nominert til vannbransjeprisen på
Vestlandet.
Meland kommune har bygd ein ny pumpestasjon for avløp på bredden av Mjåtveitelva. Bakgrunnen for arbeidet var at kommunen sin eksisterande pumpestasjon på staden sleit mykje med driftsstans og stor fare for forureining.
Sårbart område Mjåtveitelva er eit mykje brukt område til tur og rekreasjon. Området har ein rik flora og fauna, og er eit av få vassdrag i regionen med elveperlemusling. Muslingen er rødlista og står i fare for å dø ut. Det er forringing og ødelegging av vassdraga til muslingen som er den største trugselen.
Dialog og samarbeid Det er mange aktører som er opptatt av Mjåtveitelva. Kommunen tok tidleg kontakt med Mjåtveitelvas forening og velforeninga i området for å sikre god dialog i arbeidet. Mjåtvetveitelvas forening har som mål å bevare og ivareta Mjåtveitelvas elvemuslinger og biologiske mangfold, sjå: www.mjotveitelven.net. Internt i kommunen var både kulturavdelinga og skog- og miljøkonsulent involvert.
Landskapstilpasning I prosjektering av pumpestasjonen vart det også brukt landskapsarkitekt for å lage ei estetisk utforming på stasjonen og tilhøyrande terreng som vart tilpassa landskapet rundt. Tekniske detaljer på stasjonen vart skjult og bygninga fekk villmarkskledning og torvtak.
Smart teknisk løysning Det var viktig å avgrense graving i området og derfor vart eksisterande pumpesump og inntak brukt. Det vart etablert nytt pumpehus/maskinrom ved sida av. Her kunne ein redusere djupna. Løysinga gjorde at det gamle anlegget var i drift til det nye overtok.
Enkle og effektive tiltak for å hindre forureining Under utføringa var det spesielt kritisk å unngå steinstøv i elva. I samarbeid med entreprenør vart det etablert ein sedimenteringstank og reinsedam. I tillegg gjennomførte entreprenøren observasjoner av fargen på vatnet i elva.
Prosjekterende: COWI AS Utført av: Nortrans veg og anlegg AS, Xylem AS og Rørkompaniet AS. Byggekostnad: 1,5 mill kr