Her er bilder som er tatt 13.02.2019. Bilde serien starter Fra Mjåtveitmarka og ned til sjøen i Elvevika , som bildene viser er Mjåtveit elven sterkt forurenset hele veien. Dette er helt forbudt.
18.02.2019
12.02.2019
Som bildene viser er Mjåtveitelven sterkt forurenset .
Som bildene viser er Mjåtveitelven sterkt forurenset .
Her er ett bilde som er tatt fra Mjåtveitelven mandag 12.02.2019.
Forurensingen kommer fra grunnarbeidet som er i gang på det nye byggefeltet på Mjåtveitmarka 5 . B. Meland kommune har godkjent og gitt igansettingsløyve til arbeidet uten att det iverksatt gode nok avbøtende tiltak som kan hindre forurensingen. Mjåtveitelvens forening har klaget til både fylkesmannen og Nve.
Fylkesmannen skriver i tilsvar att det er strengt forbudt og forurense Mjåtveitelven, men her tar ikke Meland kommune ansvar men overlater ansvaret til entrepnørene. Her er resultatet.
Bildene under er tatt for noen uker siden og de sende vi til Meland kommune og fylkesmannen, men vi har ikke fått noen svar.
Her renner skiten ut i elven fra Kvernhusbekken.
Såkalt fangdam med terskel
Terskelen som skal hindre forurensing
Bildet tatt mot fangdammen etter jordtippen
13.11.2018
30.10.2018
Stort utslipp til Mjåtveitelven
Stort utslipp til Mjåtveitelven
– Det var skum i heile bekken og langt oppover trea. Det
såg heilt vilt ut!
Det seier Kjetil Tufte.
Han bur like ved den store fangdammen i Mjåtveit natur og
reinsepark og er ei av eldsjelene bak foreninga Mjåtveitelvens
venner. Laurdag kveld kom han heim
frå ferie.
– Det var i halv sju-sjutida på kvelden. Det var i skumringa. Eg
keik ut vindauga, som vender ned over mot reinseparken. Eg ser ikkje sjølve
dammen frå vindauga, men eg ser trea og dei var fulle av kvite dottar. I starten
skjønte eg ikkje heilt kva det var eg såg, seier Kjetil.
Han gjekk ut for å sjekka, og det var litt av eit syn som møtte
han.
– Heile dalen nedover langs Kvernhusbekken var full av skum.
Skummet fylte både dammen og bekken og låg langt utover i terrenget. Eg forstod
med ein gong at dette ikkje kunne vera naturleg. Det måtte vera ein eller annan
form for lekkasje, og det såg ut som det kom frå næringsparken, seier
Kjetil.
Han kasta seg på telefonen.
Anne-Lise
Nordpoll
Varsla brannvernet
– Først prøvde eg vaktnummeret til teknisk etat i Meland kommune.
Men det var ingen som svarte der. Så ringte eg teknisk etat sitt vaktnummer i
Lindås. Heller ikkje der fekk eg kontakt med nokon. Då ringte eg brannvernet,
seier Kjetil, som sjølv var med og viste mannskapa frå Lindås og Meland brann og
redning rundt i området.
Brannsjef Karl Johannes Romarheim seier til Strilen at det var for
mykje skum til at dette kunne vera naturleg, sjølv om det av og til skummar frå
elvar og bekker når det regnar kraftig.
– Det var ikkje så mykje våre folk kunne gjera der og då, men me
fekk lagt ut lenser for å prøva å hindra at dette spreidde seg til Mjåtveitelva,
fortel Romarheim.
Han seier skummet må skuldast ein lekkasje, og at det ser ut som
det kjem frå næringsområdet.
– Me har ein dialog med politiet, og dei undersøkjer saka. Politiet
har vore på staden i dag, seier han.
Anne-Lise
Nordpoll
Bekymra for muslingane
Strilen var også ein tur på staden søndag føremiddag. Sjølv om det
då hadde regna i mange timar, var skummet framleis godt synleg i Kvernhusbekken
og i dei to øvste fangdammane.
– Det er heilt forferdeleg. Tenk på all fisken nedover i
Mjåtveitelva og på muslingane som det vert jobba så hardt for å redda, sukkar
Frode Tufte fortvila.
Han er bror til Kjetil, og også brennande engasjert for livet i
vassdraget.
Då Strilen møtte Frode, hadde han med seg ein håv for å sjå om han
kunne finna daud fisk eller yngel i bekken. Medan han gjekk der og leita møtte
han på Trond Dale som var ute og lufta hunden Nero. Han kunne fortelja at han
såg skum i bekken alt i 17-tida laurdag.
– Eg var ute med hunden då også, og då var det skum over alt her.
Det er ingenting no, samanlikna med då, fortel han.
Det er ikkje første gong Frode og Kjetil Tufte vert møtte av eit
trist syn i Mjåtveit natur og reinsepark. I vår opplevde dei at ein boks med elvemusling som
var sett ut i Kvernhusbekken forsvann, og at skogsmaskiner hadde gjort det vanskeleg å ta seg fram på
turstien dei har merka.
– Det er fortvilande at dette skulle skje no, seier dei.
– Har funne kjelda
Søndag ettermiddag var både politiet og folk frå kommunen på plass
i næringsområdet.
– Me har i samarbeid med andre funne ut at skummet kjem frå ein
stad i nærleiken. Det er oppretta sak og no skal me sjekka ut om det er farleg
eller ikkje, seier lensmann Kjell-Idar Vangberg i Nordhordland
lensmannsdistrikt.
Trond
Dale
14.10.2018
09.10.2018
Nasjonal elvemuslingkonferanse
Nasjonal elvemuslingskonferanse
Elvemuslingen er ein trua art i Norge og over 95 prosent av bestandane i Europa er allereie utrydda. Hovudtema på konferansen i Bergen 13.-14. november vil vere trugsmål og tiltak for å berge elvemuslingbestandar.
Fylkesmannen i Hordaland, Fylkesmannen i Trøndelag og Miljødirektoratet inviterer til konferanse om elvemusling.
Målet med konferansen er å sette søkelys på situasjonen for elvemusling, og korleis vi betre kan ta vare på bestandane våre.
Mjåtveitelvens forening har meldt seg på konferansen.
21.09.2018
Elvevandring langs Mjåtveitelven
Elvevandring langs Mjåtveitelven
Søndag 09.09.18. hadde vi en flott tur langs Mjåtveitelven og Mjåtveit natur og rensepark. Vi var ca 11 personer som stilte opp på turen.
Jeg vil takke Kjetil og Frode Tufte for en flott guidet tur idag, søndag 9 september, langs Mjåtveitelven. De andre som var med på turen var en ukjent bestefar med barnebarn, Svein Mjåtveit, Bente Mjåtveit, Robert Hopland og Henning Ommedal. Vi koste oss skikkelig. Sist jeg var her var for nesten 50 år siden.
Vi fant denne krabaten i sjøen i Haltejohansviken enten en mink eller oter ?
Har sendt bildene til en biolog for og få det bekreftet.
24.08.2018
Elvevandring
Elvevandring langs Mjåtveitelven.
Elvevandring
søndag, 9. september
Hjertelig velkommen til vandring langs Mjåtveitelven!
Mjåtveitelvens forening inviterer til omvisning i Mjåtveit natur- og rensepark, samt vandring langs Mjåtveitelva. Elven er habitat til en sjelden og veldig interessant dyreart – elvemuslinger. Vi vill fortelle om det biologiske mangfold som finnes i og rundt elven, og hva foreningen har oppnådd for å redde det. De vill bli vist fram levende baby elvemuslinger som er tilbake utsatt i elven.
Alle interesserte er velkommen, uansett alder.
Oppmøte: søndag, 09.09.2018 kl. 12.00, ved Esso stasjonen i Mjåtveitflaten 1.
Deltakelse er gratis.
Husk gode sko og klær etter vær!
søndag, 9. september
Hjertelig velkommen til vandring langs Mjåtveitelven!
Mjåtveitelvens forening inviterer til omvisning i Mjåtveit natur- og rensepark, samt vandring langs Mjåtveitelva. Elven er habitat til en sjelden og veldig interessant dyreart – elvemuslinger. Vi vill fortelle om det biologiske mangfold som finnes i og rundt elven, og hva foreningen har oppnådd for å redde det. De vill bli vist fram levende baby elvemuslinger som er tilbake utsatt i elven.
Alle interesserte er velkommen, uansett alder.
Oppmøte: søndag, 09.09.2018 kl. 12.00, ved Esso stasjonen i Mjåtveitflaten 1.
Deltakelse er gratis.
Husk gode sko og klær etter vær!
17.08.2018
Elvevandring langs Mjåtveitelven
Elvevandring langs Mjåtveitelven
Onsdag 15.08. Hadde vi elvevandring med turgruppen ganjelaget i Meland, denne gangen gikk vi langs deler av Mjåtveitelven og Mjåtveit natur og rensepark. Mange hadde nyttig informasjon og komme med ang vassdraget.
Biolog fra rådgivende biologer var også med å fortalt hvor viktig det er å bevare elvemuslingene i mjåtveielven.
Foreningen håper det er flere som ønsker og melde seg inn i Mjåtveielvens forening når man ser alle de brune i bakgrunnen er så interessert.
08.03.2018
11.01.2018
Tap av biomangfald – ein av dei største miljøutfordringane i Meland
Tap av biomangfald – ein av dei største miljøutfordringane i Meland
Meget godt innspill av Karina Reigstad i 2017 utgaven av Meland jul, som er verdt og lese.
Døde elvemuslinger fra Mjåtveitelven 2012
Tap av biomangfald – ein av dei største miljøutfordringane i Meland Noreg har satt seg mål om å stanse tapet av biologisk mangfald innan 2020. Likevel er presset på naturens- og biomangfaldets toleevne større enn nokon gong. Presset på naturen kjem frå fleire hald, men i hovudsak frå ein aukande verdsbefolkning og menneska sin moderne levemåte. Menneskelege inngrep er hovuddrivkrafta bak dramatiske endringar i miljøet, også her i Meland.
Nedbygging av biologisk mangfald Mange forbinder biologisk mangfald med sjeldne artar i regnskogen, eller dyr som er i ferd med å bli utrydda. Men biologisk mangfald omfattar alle dei levande organismane som fins på jorda og i vatnet. Alt som omgir oss i naturen, blomster, planter, dyr og mikroorganismar er ein del av jordas biologiske mangfald. Samen utgjer mangfaldet eit økosystem. Store nok endringar i livsmiljøet til artane kan føre til at økosystem kollapsar og artar forsvinn.
Bilde av forurenset vann som går rett ut i Mjåtveitelven
Den viktigaste årsaka til tap av biomangfald er at leveområda til mange artar vert øydelagt av fysiske inngrep. Andre truslar mot biomangfaldet er klimaendringar, overhausting og introduksjon av framande artar. Faktorane som påverkar det biologiske mangfaldet i Meland er mange og samansette, og kunnskapen om det har store manglar. Eg skal prøva å gi eit innblikk i ein av dei største utfordringane for biomangfaldet i kommunen vår.
Bilde av døde elvemuslinger fra Mjåtveitelven.
Auka utbygging Ein kvar endring i arealbruk påverkar det biologiske mangfaldet på staden i større eller mindre grad. Dei største utslaga får ein når areal vert tatt heilt ut av biologisk produksjon og bygd ned, slik tilfellet kan vere ved utbygging av industri, fysisk infrastruktur og bustadfelt. Salamanderen som forsvann frå Fossemyra då utfyllinga av myra starta på midten av 1970-talet er eit døme på dette. Miljødirektoratets naturbase har registrert 1140 artar i Meland. Av desse er 67 artar på raudlista og 37 er truga i eit nasjonalt perspektiv. Over halvparten av dei raudlista artane er fuglar. Melands store tilflytting og befolkningsvekst krev hurtige arealendringar til utbygging og fysisk infrastruktur som kan kome til å leggje press på desse truga artane om ikkje vi tar særskilt omsyn.
Kloppedalsbekken som er en side-elv til Mjåtveitelven blir lagt i rør 2017
Ein ser ofte at der utbyggingspresset er stort vert ikkje omsynet til truga artar ivareteke i beslutningsprosessane. Dette vil i aukande grad vere ein trussel for biologisk mangfald i framtida. Det er allereie stort utbyggingspress i deler av Meland, særleg nær dyrkbart areal og strandlina. Presset på fleire av dei biologisk sårbare naturtypeområda i Meland har auka då fleire av dei ligg nært vegar og er nokså lett tilgjengelege.
Store utbyggingar kan åleine ha store negative konsekvensar. Men det er summen av både små og store inngrep som avgjer om vi klarar å ta vare på det biologiske mangfaldet. Kan t.d. sidebekkane til Mjåtveitelva vera avgjerande for det heilskapelege biomangfaldet i Meland? Det vert i alle fall eit problem når den samla effekten av utbygging og forureina- eller røyrlagde elver blir for stor. Når det blir for langt mellom kvar eigna levestad, vil artane få problem med å spreie seg, og det vert mellom anna fare for innavl. Denne effekten kjem i tillegg til at leveområda blir færre og mindre.
Baby elvemuslinger som er kommet tilbake til side-bekk til Mjåtveitelven
Elvemusling
I Meland er elvemuslingen ein av artane på raudlista og har vorte rangert som ein prioritert art i nasjonal samanheng. Arten er ein indikator på god miljøtilstand i naturlege elver og bekker, men har hatt ein dramatisk tilbakegang. Norge har i dag meir enn halvparten av den europeiske bestanden av elvemusling, og dette gjer han til ein ansvarsart for Norge. Elvemuslingen er avhengig av tilgang til laks eller aure for å vekse og overleve. Når auren eller laksen forsvinn frå elvene forsvinn òg muslingen. I tillegg til at elvemuslingen er avhengig av andre artar for å overleve, trugar lokal forureining og inngrep som røyrlegging av sidebekker og hogst av kantvegetasjon elvemuslingens levevilkår. For at Mjåtveitelva i framtida også kan huse ein livskraftig populasjon av elvemusling, må både omsynet til vassdraget og vasskvaliteten betrast.
Vinterstemning ved Mjåtveitelven
Forvaltaransvaret Vi har eit ansvar som strekk seg langt ut over eigen person, nasjon og generasjon. Våre liv er innvevd i økosystem og syklusar i naturen, gjennom vårt forbruk av mat, vatn, energi og materialar. Menneska er djupt knytt til, og avhengig av, velfungerande økosystem. Å bry oss om desse, er å bry oss om oss sjølve. Kor godt vi lærer oss å leve i samspel med naturen avgjer våre livsmoglegheiter. Ein av hovudårsakene til nedbygging av biomangfaldet er vår manglande evne til å motstå det aukande presset på naturen, det vere seg grunna utbygging, forureining eller annan negativ menneskeleg aktivitet. Det er anerkjent i norsk lov at naturen har eigenverdi. Dette byggjer på tanken om at alle livsformer og urørt natur har verdi i seg sjølv. Det mangfaldet som fins av artar, naturtypar og genetiske arvematerial i Meland, er del av verdas felleseige. Vårt moralske og grunnlovfesta ansvar ligg i å forvalte desse slik at dei som kjem etter oss, har like gode mogelegheiter for å hauste, undersøke, utvikle, forske på og oppleve dei som oss. Skal vi ta vare på det biologiske mangfaldet, må dette vere grunnleggande i all aktivitet for hausting, bygging og næringsutvikling.
Å stoppe tap av biologisk mangfald er mogeleg. Både forsking og gjennomførte prosjekt viser at miljøøydeleggingane kan stoppast og delvis reparerast. For å greie dette må vi evne å sjå at bevaring av biomangfaldet er eit mål i seg sjølve. Forvaltinga må unngå fragmentering i utbyggingsprosessar og prioritera opp kampen mot forureining i elvene og fjordane våre. Berre slik kan vi stanse tapet av biomangfald i Meland. Berre slik kan vi sikre at dei som kjem etter oss også vil kunne glede seg over og dra nytte av eit mangfaldig artsliv i kommunen vår.
Abonner på:
Innlegg (Atom)